Vekst gjennom kriser
Psykiater
Hans Olav Tungesvik intervjua av Gudrun Vinsrygg
Hans
Olav Tungesvik likar ikkje ordet utbrend, han snakkar heller
om å bli utlada eller nedtappa – omgrep han meiner
gjer det lettare å skjøne kva som skal til for
å komme ovanpå igjen. I sin artikkel i boka ”Utbrent.
Krevende jobber – gode liv?” (Fagbokforlaget 2002)
tek han opp moglegheitene kriser skaper, viser kva som skal
til for å meistre dei, og korleis ein kan vekse gjennom
dei.
-
Psykisk slitasje er eit aktuelt problemområde i samfunnet,
og for dei fleste akselererer tempoet både i arbeidsliv
og fritid, seier psykiater Hans Olav Tungesvik, grunnleggar
og dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik
i Sunnhordland. Han er og kjent for sitt politiske engasjement,
og var i to periodar stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.
Hans Olav
Tungesvik meiner stadig fleire får vanskar når
dei prøver å henge med i krava til effektivitet
og innsats. Når fleire og fleire ser ut til å
oppleve kriser i samliv og medmenneskelege forhold, er det
ikkje å undrast på at talet på slitne menneske
stig heile tida. Han vil ikkje nytte uttrykket utbrend. Han
meiner det gir feil signal om kva dette handlar om. I staden
snakkar han om at folk blir nedslitne – utan å
vere ferdige med livet og den aktive innsatsen. Det
dei treng er ein pause med tid og rom for å byggje seg
opp att og samle krefter til ny innsats.
- Å bli utladd eller nedtappa, illustrerer betre den tilstanden
dette dreier seg om, seier han. - Eit batteri blir utladd
og fungerer ikkje lenger – men det kan ladast opp att
og blir då som før. Eit basseng kan tappast ned,
og då kan ein tetta avlaupet og hindra ytterlegare nedtapping,
og ein kan fylla det oppatt. Det er viktig å understreka
at det ikkje er nokon grunn til å gjera slitasje til
ei psykiatrisk liding eller sjukdom, i alle høve ikkje
i første omgang. Det er i realiteten ein heilt normal
– og for så vidt sunn – reaksjon på
ulike former for overbelastning. Hadde ikkje varselsignala
kome, kunne den som vart ramma, ha blitt endå meir nedbroten.
Summen
av belastning
Det er
summen av belastning som løyser ut ei krise. For somme
skal det lite til, for andre mykje – men alle har vi
ei grense for kor mykje vi tåler. Lærdomen er
at ein etter ei krise må ta omsyn til dei sårbare
felta sine, slik at ein ikkje ”går i baret”
på nytt. Oftast er det belastning i arbeid og yrkesliv
som har utløyst krisa, ikkje sjeldan kombinert med
vanskar i familie- og kjærleiksliv.
- Når
det gjeld jobben, er det sjeldan arbeidet åleine som
er årsaka, men oftast arbeid i kombinasjon med konfliktstoff
av eitt eller anna slag, seier Hans Olav Tungesvik. - Læraren
min i psykosomatisk medisin på Rikshospitalet i 1960-åra,
spesiallege Finn Askevold, sa det slik: ”Ingen blir
utsliten av arbeid åleine. Der er alltid psykologiske
tilleggsfaktorar”. Han hadde utvilsamt rett. Mange slit
og med problematiske mellommenneskelege forhold som dei ikkje
ser løysingar på; ein voldeleg eller drikkfeldig
ektefelle, born som ikkje skikkar seg vel, vanskelege svigerforeldre,
kranglete grannar eller andre som gjer livet surt.
Slik
ladar du batteria att
-
Når ein er ”utlada”, korleis kan ei då lada batteria att?
- For
ein som er nedsliten i yrkes- eller omsorgarbeid, må
dei aktivitetane som har tappa kreftene, stoggast. Det kan
innebera sjukemelding, fritak frå spesielt krevjande
oppgåver, stenging av telefon (inklusive mobiltelefon)
og omplassering av ansvar.
I dei
fleste tilfella må det gjerast endringar i arbeidssituasjonen,
enten reduksjon av dei samla krava som blir stilte, eller
interpersonelle endringar og tilpassingar. Er det open konflikt,
må tiltak setjast i verk for å løysa denne.
Dette kan oftast den som er nedkøyrd ikkje gjere noko
med åleine. Arbeidsgjevar og overordna må inn
i bildet.
Sjukemelding
er ofte nødvendig, men ho bør ikkje vera langvarig.
Ein viss kontakt med arbeidsplassen for den som skal tilbake,
er vesentleg. Blir det for langt fråvær, kan terskelen
bli for høg med tanke på å koma i gang
att. Ordninga med aktiv sjukmelding er eit framifrå
tiltak. Arbeidstakaren kan då få sjukemelding
og fulle sjukepengar, samstundes som han eller ho er til stades
på arbeidsplassen i det omfang der er lyst og krefter.
Då har arbeidstakaren høve til å halda
kontakt med arbeidsplassen, men utan krav til forpliktande
innsats. Elles er det viktig med kvile og godt matstell, omgang
med familie og gode vener, fysisk aktivitet i passande dosar
– i det heile tiltak som er lystvekkjande, og som kan
gjere det mogleg å byggje krefter og ressursar på
nytt. Er det mellommenneskelige vanskar som skaper problem,
kan ein søkja råd hjå gode vener, på
eit familierådgivingskontor eller hjå psykolog
eller psykiater. Det finst alltid noko ein kan gjera for å
få det betre, og moglegheitene er ofte lettare å
sjå for ein som står utanfor, enn for den som
står midt oppe i problema.
-
Treng ein sovemidlar om ein får vanskar med søvnen?
- For
ein kortare periode kan det vera tilrådeleg. Å
kvile i senga om dagen, er derimot ikkje bra. Ulike menneske
vil ha behov for ulike tiltak som kan auka ”tilførselen
til bassenget”. Ein må gjere meir av dei tinga
ein hadde glede av å bruka tida til før ein vart
nedtappa. Det ein har negative kjensler for, må ein
så langt mogeleg unngå.
Gruppeterapi
- Gjennom
heile kriseperioden er det viktig for den som strevar å
ha nokon å snakke tillitsfullt med, presiserer Hans
Olav Tungesvik. – Det kan vera primærlegen
eller ein sjukepleiar, ein prest eller ein nær ven.
I ein del tilfelle kan det vera nyttig å søkja
hjelp hos psykiater eller psykolog. Skulle tilstanden over
tid utvikla seg til depresjon, vil dei sistnemnde kanskje
tilrå bruk av antidepressive medikament i tillegg til
samtalar.
-
Korleis ser du på medikamentbruk i slike høve?
- I beste
fall kan antidepressiva framskunda betringa og føra
til at det lettar og lysnar raskare. Oppfylgjande samtalar
og gruppeterapi er likevel meir nyttig og effektivt. Ved senteret
vårt har me sers gode erfaringar med gruppeterapi
der det er fleire i same båt som deler tankar og kjensler,
erfaringar og refleksjonar.
Djupare innsikt
- Utlading
og nedtapping er både ei krise og ei moglegheit til
ny sjølvinnsikt og fornying, og ei rekkje utsegner
frå menneske som har gjennomgått slike kriser,
stadfester at verdfulle erfaringar kan vinnast i denne prosessen.
-
Men er ikkje ”vekst gjennom liding” ei myte? Ein
har vel ikkje godt av å ha det vondt?
- Me må
ikkje idyllisera eller romantisera dette problemet. Mange
som har vore gjennom svære livskriser, strevar med langtidsverknader
i mange år etterpå, somme for resten av livet.
Men mange har fått nyttige tankar om kva som kunne vore
gjort for å førebyggja uttapping, og om verknadane.
Hans Olav
Tungesvik summerar dei positive erfaringane han har vore vitne
til hjå sine pasientar:
- Auka
sjølvinnsikt.
- Auka sjølvtillit.
- Ny kunnskap om å setja grenser og ta vare på
seg sjølv.
- Sans for det viktige i å ta eigne behov på alvor.
- Å
kunna seia nei utan dårleg samvit.
- Å
bli bevisst på å ta styringa i eige liv.
- Større forståing for andre som strevar.
-
Meir audmjuk haldning overfor menneskeleg smerte.
- Meir mot og tryggleik til å seia frå.
- Større evne til å setja pris på helsa
og livet.
- Hjelp til å vera open og sjå verdien av openskap
omkring psykiske vanskar.
- Med det vonde som bakteppe kan ein setja meir pris på
det å kjenna glede.
- Å
bli tryggare på eigne vurderingar og standpunkt.
- Å
sjå verdien i å kjenna på veikskap, og
at veikskap og styrke er fyljesveinar.
Oppdatert: 2007
|
 |
|
Kjenner du noen som kan ha nytte av dette? Hjelp oss å spre gode helseråd:
|
|
 |
|
|
|